Google Classroom
GeoGebraGeoGebra Classroom

Å lage boksplott

Boksplott (box-and-whiskers-plot) er ein litt meir ukjend variant for dataframstilling i den norske skulen, men ganske viktig i mange andre land. Den gir også mykje informasjon på ein gong.

Datasett, tilfeldige terningkast med ein terning

I reknearket over har vi kasta terning ein del gonger. Merk datasettet og trykk på Toolbar Image, som vi gjorde da vi laga histogram. Velg Toolbar ImageAnalyse av ein variabel igjen. Du får da teikna opp histogrammet over dette datasettet. Fra menyen der kor der står Histogram kan du og velge andre typar diagram, mellom anna Boksplott. Velg det og sjå kva som skjer. Boksplottet inneheld median, minimum, maksimim, midterste 50 % verdiar og første og tredje kvartil. Kor finn du dei i diagrammet ditt? Merk at det ikkje er nøyaktig 50 % av verdiane som befinn seg i boksen. Dette skyldast at ein reknar ut medianen også på dei 50 % lågare verdiane og dei 50 % høgare verdiane, og let dette bli grensene for boksen i midten. Når det til dømes er mange 2'arar og første kvartil er 2, så blir "alle" toarane med inne i boksen, sjølv om første kvartil ville stå midt inne i bland dei.

Finn kvartilene for seks terningkast; 1,2,3,4,5,6. (Bruk gjerne det øverste reknearket her) Kva blir første kvartil?

Select all that apply
  • A
  • B
  • C
  • D
  • E
  • F
Check my answer (3)

Finn første kvartil for 1,2,3,4,5,6, men gjer det i Google rekneark. Legg inn tala 1,2,3,4,5,6 i cellene A1 til A6 og prøv med kommandoen =KVARTIL(A1:A6; 1). Kva blir første kvartil med Google rekneark? (1-tallet i formelen betyr at det er første kvartil vi ønsker, det kunne og stått til dømes 3 der - om det er tredje kvartil vi er interessert i.)

Select all that apply
  • A
  • B
  • C
  • D
  • E
Check my answer (3)
Du kan og finne kvartil-berekningar i Statistikkmenyen i Google rekneark. Du finn statistikk-verktøya under knappen merket med .

I alle dagar

Korfor trur du det er forskjell i Google og GeoGebra?

Prøv no å lage to boksplott for å samanlikne desse to datasetta:

Datasett, tilfeldige terningkast med ein terning i kvar kolonne